Leif Lias reisetips – Reiseruter fra Trøndelag til Kvinesdal

Kart Sør NorgeSom et supplement til reisereportasjen til Pilegrimstreffet i siste Power har Leif Lia laget et par flotte reiseruter for veien mellom Trøndelag og Kvinesdal. Rutene er laget for å kunne brukes som roadbook i tankveska.
Vegen mellom Trøndelag og Kvinesdal kan bli ein herleg tur med svingar og lite trafikk. Du må sjølvsagt halde deg mest mogeleg unna E18 og E6, men det handlar også om å kome seg fram litt raskt. Derfor er ikkje alle dei gode vestlandsalternativa med her, eller dei aller mest kronglute småvegane som også finnast langs rutene. Det gjeld generelt å få mest mogeleg svingar i motbakke, så eg tilrår «Fjellruta» på veg sørover og «Indre Austlandet» på veg nordover. Her er rutene som kan brukast som «Roadbook» i tankveska.

Fjellruta (sørover)

Har du dårleg tid, følg E6 frå Trondheim – Sjoa. Med ein halvtime meir å gå på, ta Trondheim – Melhus – Hølonda – Svorkmo – Løkken – Rennebu – Nerskogen – Oppdal – E6 Sjoa. Her begynner det beste og du har timesvis med fjellovergangar føre deg: RV 257 Sjoa – Randsverk – RV 51 Beitostølen – Fagernes – Leira – Golsfjellet – Gol – RV 7 Geilo (Nesbyen – Rukkedalen – Rødberg er eit godt alternativ) – Rv 40 Skurdalen – Dagali – Uvdal – Bjørkeflåta – Ta FV 124 over Imingfjell til Tinn Austbygde – RV 364 Mæl (i retning Rjukan) – RV 37 Tinnsjøvegen til Gransherad (alternativt over Svineroi – Tuddal – Sauland) – E134 Hjartdal – Seljord – Brunkeberg – RV 41 Kviteseid – Vrådal – Treungen – Åmli – Dølemo – RV 413 Båsheia til Mykland – RV 42 Evje – RV 9/RV 42 Hornes/Kjetså – RV 42 Sveindal – Skeie/Eiken – Eiesland der du svingar til venstre på FV 801 ned til Sarons dal. Stopp, sjekk kantane på dekka og du kan pakke ut!

Indre Austlandet (nordover)

Her er det mykje å gle seg til igjen. Sleng deg til venstre ut på gamle E18 (RV 461) i botn av bakken, dei fyrste av svingane kjem oppe med Utsikten og du er i gang! Ta til venstre på RV 461 med Førland og hald deg fast. RV 461 Kvås – til venstre og høgre – RV 461 Konsmo – rett igjennom – RV 461 Laudal – til venstre og høgre – RV461 Songdalen – RV 454 Øvrebø – rett igjennom – RV454 Vennesla – RV 405 Vegusdal – RV 42 Mykland – RV 413 Båsheia til Dølemo – RV 41 Treungen – RV 358 Bostrak (etter 19 km kan du tute til mamma og pappa, kanskje er eg der sjølv også?) – RV 38 Drangedal – Kilebygda (kåra til Telemarks beste mc-veg) – Vold – RV 353 Svanviksvingen – Skien – RV 32 Siljan – Steinsholt – til venstre på RV 32 Hvittingfoss – ta til høgre i rundkjøringa – Haslestad mot Hof Sentrum – RV 35 Eidsfoss – Eikeren – Vestfossen (vidare her har eg ei vanskeleg rute om Burud, men eg klarer ikkje å forklare heilt….) – RV 35 Vikersund – ta til høgre på RV 35 Hønefoss – Jevnaker – RV 240 Brandu (min gamle favoritt) – RV 34 Jaren – RV 4 Lygna – 17 km til Blili, køyr mot Bøverbru – i Bøverbru ta venstre  høgre – FV 111 Vestre Totenveg til Gjøvik  (Alternativt kan du køyre Brandbu – Hov – Dokka – Vingrom, moroare, men 15 min lengre tid) – RV 4/E6 Vingrom – gjennom rundkøyringa og mot Saksumdal – Auggedalen – Forset i Vestre Gausdal – RV 255 til høgre mot Segalstad Bru – RV 254 til Tretten – her kan du velje «Baksida» heilt til Ringebu, fin veg med litt grus – eller E6 Ringebu – Frya – RV 27 Ringebufjellet – Enden – Folldal – RV 29 Hjerkinn – E6 Trondheim (eventuelt med Oppdal – Nerskogen – Rennebu – Løkken – Hølonda). Herleg!

Translate »